Sommarkino med mange storfilmar

Løvenes Konge anno 2019: I den nye Disney-filmen om Løvenes Konge er både Simba, Scar og resten av gjengen tilbake.  Foto: Filmweb

Nyhende

Løvenes Konge hadde norgespremiere onsdag, og er ein av mange filmar ved Stryn kino framover.

Disney si nyinnspeling av familiefilmen «Løvenes Konge» tar publikum med til den afrikanske savanna der ein framtidig konge blir født.

Simba forgudar faren sin, Kong Mufasa, men Scar har andre planar for kongeriket. Kampen om klippa bllir fylt av svik, tragedie og drama, og fører til at Simba rømmer. Med hjelp frå nye vener må Simba finne seg sjølv, og ta tilbake det som er hans, heiter det i omtalen frå Filmweb.

På kinoprogrammet står også: animasjonsfilmane Kjæledyra sitt hemmelege liv 2, Blinky Bill-filmen, Mio-evetyr i Middelhavet og Angry Birds-filmen 2. Grøssaren Child`s Play, thrilleren Crawl, actionkomedien Stuber, Late Night og action med Fast & Furious- Hobbs and Shaw.