Briksdalsbreen

– Breen har vore stabil siste året

Det har vore lite bevegelsar på Briksdalsbreen siste året, men breekspert Atle Nesje er spent på kva dei høge temperaturane i helga vil bety for bresmeltinga.

Briksdalsbreen: Anno 23. juli 2019  Foto: Roger Oldeide

Slike temperaturar som er meldt i helga set fart på bresmeltinga

Nyhende

Breekspert og professor for geovitenskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, har enno ikkje gjort si årvisse fotomåling av Briksdalsbreen, men seier at han på bakgrunn av ferske bilete av breen, kan stadfeste at det er særs lite endringar å spore siste 12 månader.