Strynejentene i Dana cup

Vidare til åttandedelsfinale i A-sluttspelet

Begge laga frå Stryn er vidare til A-sluttspelet i Dana Cup etter å ha vunnet gruppespelet med magiske tal

Dana cup: J16-jentelaget til Stryn kan vere fornøgd med ein sterk9-0 siger i cupen sin første kamp   Foto: Privat

Nyhende

I går klarte jentene også å vinne den siste kampen i gruppespelet med ein klar siger 4-0 over det danske laget Vrå-Børglum IF. Dette gjor at laget endte på første plassen utan noko mål i mot.

sekstandedelsfinalekampen i A-sluttspelet blei spelt i dag tidleg mot det meksikanske laget Club Reforma. Også denne kampen klarte dei å holde nullen og kom seg greit vidare til åttandedelsfinale med ein 2-0 siger.

J16-laget klarte likt med J14-laget å vinne gruppespelet deira og dermed gjekk også dei vidare til A-sluttspelet. Dette gjorde dei i går ved å vinne med 12-0 mot Nymark IL og 4-0 mot Fet IL. Det blei dermed heller ingen mål i mot for dette laget og heile 26 mål i favør Stryn i dei fire første kampane.

Laget har gått direkte vidare til åttandedelsfinalen på grunn av at dei vart satt i ei gruppe med 5 lag i staden for fire.

Kampen blir spelt i ettermiddag kl.17.55 og motstandaren er endå ukjent. J14-laget må ut i ilden allereie kl. 14.45 igjen og møter då Stord FB 2 som har vunnet alle sine kampar med god margin.