Ungdoms-OL i Baku

Klar for finalen

Med flagget på brystet kasta Olden IL-utøvaren seg til finaleplass i Baku fredag kveld

Kan ta medalje i ungdoms-OL Steffen Melheim kvalifisert seg til finalen i diskos under ungdoms OL i Baku fredag kveld  Foto: Hasse Sjögren DECA Text&Bild.

Nyhende

BAKU: Steffen Melheim (16) hadde tredje beste resultat inn til diskosfinalen under det europeiske ungdoms OL i Baku fredag kveld. Olden-guten var yngstemann i U18-klassa.

Finalen i Aserbajdsjan går i morgon laurdag.

Med 58,97 var Steffen klar nummer tre i kvalifiseringa. Tyske Maulana Matteo kasta lengst av alle med 63,08 meter medan og kviterussiske Raman Knartanovich var framfor Steffen med eit kast på 61,53 meter.

- Dette er det nest beste kastet Steffen nokon gong har gjort i konkurranse, seier juniorlandslagstrenar Jørund Årdal.

Kvalifiserte seg Steffen Melheim representerar Norge under diskos-finalen laurdag   Foto: Hasse Sjögren DECA Text&Bild.

I gutar 17-klassa kastar dei med 1,5 kilos diskos. Steffen har 61,03 meter som personleg rekord og det er klar norsk aldersrekord i klassa. Han forbetra den tidlegare rekorden med rundt fire meter under gode forhold på Rygg i Gloppen.

- Det var perfekt vind og veldig fin temperatur då Steffen satte den rekorden, seier Årdal.

Dei to som var best i kvalifiseringa har og rundt to meter betre personleg rekord enn Steffen med 1,5 kilo.

- Klarar Steffen medalje i Baku er det veldig bra betalt. Han har klart ein pallplass inne. Dei to framfor han er normalt betre, men dei er og året eldre, seier trenar Årdal.

Det var berre to 16-åringar som kasta seg inn i finalen i Baku. Steffen var klart best av dei to.