EU:

Vil ha forbod mot granulat

– Eg forstår ønskje om forbod, men det må først kome eit alternativ på bana, seier leiar i Stryn fotball, John Os.

Granulat: Leiar i Stryn T & I si fotballgruppe, John Os, seier at klubben er godt kjend med problemstillingane kring gummigranulat og at dei etter beste evne overheld tiltaka NFF har råda dei til. – Dette er eit felles ansvar for alle norske klubbar, seier Os.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Kunstgrasbanar som er dekte av vulkanisert gummi, (granulat) skal verte forbode frå og med 2022. Det er noko av innhaldet i eit høyringsforslag frå EU. Miljøforureining av ikkje-nedbrytbar mikroplast skal vere hovudgrunnen til lovforslaget.