Rundt 50 møtte opp for å feire sølvmedaljen til Steffen Melheim

Blei heidra med kakefest

Seint måndag kveld kom den lokale helten heim frå EYOF – Europeisk ungdoms OL i Baku i Aserbajdsjan med ein ekte sølvmedalje i lomma. Olden IL fekk på kort varsel invitert bygda på kakefest for å heidre prestasjonen til Steffen Melheim tysdag kveld.

Fortent: Det blei eit svært fortent første kakestykke for Steffen Melheim som tok med seg ei sølvmedalje frå Ungdoms-OL i Baku. Bygda feira han med kakefest på Kroa.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Silje Opheim, på vegne av Olden IL, overrekte blomar til Steffen Melheim og presiserte at idrettslaget og heile bygda var utruleg stolt av prestasjonen til 16-åringen.