Stryn optimistisk før haustsesongen startar

– Skal klatre på tabellen

– Vi må vinne mot Tornado Måløy laurdag, skal vi klare målet for sesongen.

Tilbake etter skade: Vegard Hopland skal vere tilbake etter skade, og hovudtrenar Geir Inge Rake håpar å få sjå han på bane i første kamp i haustsesongen.   Foto: Arkivfoto: Thomas Thaule

Nyhende

Det seier Geir Inge Rake, hovudtrenar for Stryn sitt 3. divisjonslag. Laurdag startar haustsesongen i fotball. Stryn tek i mot Tornado Måløy på heimebane. – Vårsesongen vart ikkje heilt som forventa. Litt marginar i mot og skadesituasjonen gjer at vi tok sommarferie på 6. plass på tabellen. No har vi hatt tre gode treningsveker før haustsesongen, og laget er godt motivert for å starte klatringa på tabellen. Målet før sesongen var å vere i toppen, og det står fast, seier Rake. Som håpar å sjå Vegard Hopland på bana laurdag, etter at han no skal vere skadefri.