5. plass for Steffen i sitt første senior-NM

Steffen Melheim t.h., saman med vinnaren Ola Stunes Isene som er ein av verdas beste seniorar i diskos.  Foto: Jørund Årdal

Nyhende

16 år gamle Steffen Melheim frå Olden IL vart nummer fem av sju deltakarar i sitt første seniornorgesmeisterskap i diskos fredag.

Han fekk opp det lengste kastet sitt i fjerde forsøk. Med 49,76 plasserte han seg hårfint framom sjetteplass.

- Litt dårleg teknisk, men greie lengder. Eg er greitt fornøgd, seier Melheim i kommentar til Fjordingen etter sitt første senior-NM.

- Ein av konkurrentane er to år eldre enn meg, elles er alle godt vaksne. Såleis er 5. plass eit fint resultat, seier Melheim.

Han har personleg rekord på 51,10 meter med to kilos diskos frå eit stemne på Bislett tidlegare i år.

- På ein veldig god dag kunne eg klart bronse, men det var lite sannsynleg. Eg hadde heller ikkje ambisjon om medalje i NM denne gong. Først og fremst var det kjekt å vere med og motiverande for vidare satsing. Ikkje minst å konkurrere mot Ola Stunes Isene, som er ein av dei beste i verda i diskos. Han vart norgesmeister med 62,91 meter.

- Kva er programmet framover?

No blir vi på Hamar i helga for å sjå på andre øvingar. Så blir det nordisk U20 i Kristiansand om to veker, seier Melheim.