Utklassa konkurrentane

Live (15) frå Hornindal juniorverdsmeister i motbakkeløp

Live Sollid (15) frå Hornindal er juniorverdsmeister i motbakkeløp.

Live Sollid frå Hornindal er verdsmeister i motbakkeløp etter å ha slått alle konkurrentane i Gran Sasso.  Foto: Magnus Sollid

Nyhende

Ho slo alle konkurrentane i det knallharde løpet i italienske Gran Sasso, ca 15 mil nordaust for Roma, fredag ettermiddag. Live kom inn på tida 51.42.48, heile 1.49.96 føre nummer to. og 3.25.24 føre jenta på 3. plass.

- Det var hardt, men gjekk betre utover i løpet, fortel Live til Fjordingen etter å ha slått alle dei 13 konkurrentane i klassen jenter 16-18 år.

Ho fortel at ho kvalifiserte seg til 2019 Youth Skyrunning World Champs då ho vann 38 kilometeren i Hornindal Rundt i juli.

- Etter sigeren heime i Hornindal vart eg kontakta med spørsmål om eg er fødd i 2003. Det er eg. Dermed vart eg invitert til å vere med i verdsmeisterskapen for ungdom i Italia. Med unntak av eit maraton i Afrika som ikkje var konkurranse, er dette mitt første internasjonale løp. Det var stor stas å springe med det norske flagget på brystet, seier Live.

Ho fortel at løparane starta individuelt og at ho starta som nummer sju i sin klasse.

Løpet starta på 1.000 høgdemeter. Etter 3,5 km motbakke var målgang på 2.000 meter over havet.

- Det var steikande sol og rundt 30 grader i starten, så første delen var tung. Men eg tok igjen dei fleste som hadde starta før meg ganske tidleg, og følte det gjekk betre og betre dess høgare opp eg kom. Ei som eg tok igjen var to minutt bak meg i mål. Eg såg ho bak meg heile tida, og hadde sånn sett kontroll. Men eg visste jo ikkje om det kom endå betre løparar med seinare startnummer, seier ein svært glad Live. Som var einaste norske deltakar i klasse 16-18 år.

Søndag er det nytt løp, då er det sjølve Skyrace med 1.500 høgdemeter over 17 km.

- Då skal vi både opp og ned, med start og mål på same stad. Løpet søndag er meir den type løp eg likar best, så eg er veldig fornøgd med at eg vann løpet som gjekk rett opp, fortel Live.

- Korleis skal du feire sigeren?

No skal eg jogge og tøye litt, så vert det pizzafest i kveld. Vi held oss saman med laga frå Sverige og Danmark, og er I eit fint miljø, seier ho. Laurdag vert det kviledag med beina høgt, så skal eg vere klar for løpet søndag morgon, fortel den ferske verdsmeisteren.

Totalt er 192 utøvarar frå 28 land med i dei to løpa i 2019 Youth Skyrunning World Champs.

Live Sollid har pappa Knut, bror Magnus og søskenbarn Rasmus Haugen med seg som støtteapparat og heiagjeng.