Tarjei Bø slo VM og OL-vinnarar i Lysebotn Opp

Tarjei Bø har gått fortare i det spektakulære motbakkeløpet enn han gjorde i år. Men det var ikkje noko å utsetje på farten til den kapasitetssterke stryningen.

Hardøkt: Tarje Bø kom på ein 11. plass under Lysebotn opp.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Tarjei Bø har gått fortare i det spektakulære motbakkeløpet enn han gjorde i år. Men det var ikkje noko å utsetje på farten til den kapasitetssterke stryningen.

Tarjei skøyta nemleg inn til ein ellevteplass i ein knallsterk herreklasse. Start og resultatlista talde fleire OL og VM-vinnarar i skiskyting. Broren som har vunne flest verdscuprenn i skiskyting i løpet av ein sesong og er den råaste på langrenndelen når han er i form, stilte ikkje denne gongen. Johannes Thingnes Bø har likevel tenkt å gå rulleskirenna i Sandnes-gatene på fredag og laurdag.

- Eg var på jakt etter ein hardøkt og god gjennomkjøring og fekk det, sa Tarjei og gav uttrykk for at prestasjonen hans var på det jamne. Markane-utøveren sikra seg mange gjeve skalpar og ein av dei som måtte sjå seg slått var den russiske bamsen Sergey Ustiugov som plasserte seg som nummer 13. Same skjebne fekk Livo Niskanen som vart nummer 19. Finnen som er god i den typen renn.

Hadde ikkje lada opp

Niskanen som er både verdsmeister og olympisk meister, lét seg imponere av skiskyttarane. Bø-brørne har hatt for vane å vere først opp på fjellet av skiskyttarane. Denne gongen var det Øystein Ulekleiv frå Dombås som gjekk fortast. Sonen til den tidlegare landslagsutøvaren Ivar Mikael Ulekleiv, har òg tidlegare bevist at han er i stand til å gå fort når han legg vekk geværet.

Han hadde niande beste tid. Men så er det gjerne slik at dei nest beste legg litt meir i dette enn Tarjei Bø og landslagsløparane gjer. Bø er inne i ein tøff treningsperiode og har verken lada opp eller sleppt opp på treninga for å prestere. Det handlar som han sa om å få banka inn hardøkter. Det fekk han til gagns i motbakkeløpet som skil klinten frå kveiten.

Talent: Emilie Flo Stavik, Markane IL, kom på ein sterk 6. plass i klassen kvinner 17.  Foto: Svein Halvor Moe

 

Unge talent

Oskar Guddal Breivik og Emilie Flo Stavik stilte begge to til start i juniorklassa. Breivik kom på ein 25. plass av 37 i 18-årsklassen med ei tid på 42.53,4, medan Stavik konkurrerte i 17-årsklassen der ho fekk ein 6. plass av 19 løparar med tida 46.27,5.

Begge løparar skal vere med på fleire renn fredag og laurdag også.

Tungt: Oskar Guddal Breivik nådde ikkje heilt opp denne gongen og måtte nøye seg med ein 25. plass i 18-årsklassen.  Foto: Svein Halvor Moe