Treng plass til utstilling

Indre Nordfjord Fjordhestlag søker om plassleige og vegstenging i høve stor jubileumsutstilling.

I regi av fjordhestlaget blir det både kurs og jubileumsutstilling i Stryn i august.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

I høve både kurs og jubileumsutstilling i august søkjer Indre Nordfjord Fjordhestlag Stryn kommune om løyve til å bruke grusplassen og grøntarealet i det aktuelle tidsrommet.

– Vi forventar om lag 80 hestar til utstillinga og treng difor tida mellom 18.- og 23. aug til å rigge området, skriv fjordhestlaget i søknaden.

Dei søkjer og kommunen om vegstenging frå 23.- til 25. august.

- Vegen vil bli opna for ferdsel på kveldstid og natt, skriv dei.