Bru Anda Lote:

Vil ha bruløysingar klar i haust

Ei Nordfjordbru i midtre skal ikkje kome i teknisk konflikt med ei Nordfjordbru i Indre, forsikrar styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo

Bruløysing mellom Anda og Lote skal vere klart i løpet av året, melder Nordfjordbrua AS  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

I ei pressemelding frå Nordfjordbrua AS opplysast det at dei to fagmiljøa som skal utarbeide framlegg til bruløysing er Dr. Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult AS og Prodtex AS og LMG Marin i samarbeid med Multiconsult AS

I følge pressemeldinga skal begge desse fagmiljøa ha brei erfaring og kunnskap om prosjektering og val av konsept for fjordkryssingar. Begge fagmiljøa ser føre seg å nytte regionale industrimiljø som partnarar i gjennomføring av Nordfjordbrua.

Konkurransen om å utarbeide forslag til bruløysing Anda-Lote har vore lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin der det totalt kom inn sju tilbod frå 27 ulike selskap.

- Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo.

Styreleiar for Nordfjordbrua AS Alfred Bjørlo.  Foto: Anne-Mari Aalberg

- Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens Vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit kort og teknologisk relativt enkelt bruprosjekt som passar godt for mange av dei nye løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor glade for den store interessa for tilbodskonkurransen, og svært spente på løysingane vi no vil få på bordet, seier Tryggestad og Bjørlo.

- Seglingshøgde har vore tema etter anbodskonkurransen. Kan du forsikre at ei bruløysing i midtre ikkje vil kome i teknisk konflikt med ei bru i indre med seglingshøgde på 75 meter?    

- Eg er veldig trygg på at bruløysingane ikkje vil krasje med det Stryn er oppteken av i indre. Det er nærliggande å tru at denne brua vil få ei sluseløysing, seier Bjørlo til Fjordingen. 

Av pressemeldinga går det fram at selskapet si målsetting no er godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet.

- Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune, som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, skriv styreleiar Alfred Bjørlo og nestleiar i styret, Svein Ottar Sandal.

Brua Lote-Anda skal finansierast gjennom brukarbetaling og ferjeavløysingsmidlar.

- Altså pengar som allereie i dag blir betalt av bilistar og stat for å krysse fjorden med ferje. Dermed kan Nordfjordbrua byggast utan å kome i konflikt med offentlege veginvesteringsmidlar til vegopprusting av E39 til gul stripe-standard, rassikring etc, heiter det av pressemeldinga.

Når konseptforslaga er klare, vil selskapet gå vidare i kontakta med nasjonale styresmakter om organisering og realisering av bruprosjektet.