Den norske kyrkja manglar prestar

Behovet for arbeidskraft i Den norske kyrkja er stort, og det er venta at det vil verte større dei komande åra.

Andre tider: Far min var prest i Innvik i si tid, han vart utnemnd i 1962. I Innvik sokneprestembete var det den gong 21 søkjarar, seier Gundersen.   Foto: Harald Vartdal (arkivfoto)

Nyhende

I Nordfjord har Olav Sigurd Gundersen (72) vore vikarprest av og på i fem år, skriv NRK . Å rekruttere prestar har vist seg å vere utfordrande, særleg i distrikta.

– Det er heilt tydeleg at det er vrient å få prestar. Far min var prest i Innvik i si tid, han vart utnemnd i 1962. I Innvik sokneprestembete var det den gong 21 søkjarar, seier Gundersen.

I dag er det 14 utlyste stillingar i Bjørgvin bispedømme, og det er spådd fleire utover hausten.

– Det er ei av dei største utlysingane vi har hatt. Vi har merka at det har vorte meir og meir krevjande å få søkjarar til dei ulike stillingane dei siste åra, seier Cathrine Waaler Halstensen som er personalsjef i Bjørgvin bispedømme.