Johanna Reksten i landstoppen i skyting

- Ei heilt fantastisk oppleving

Johanna Reksten frå Lote og Nordbygda Rand skyttarlag vart nestbeste ungdomsskyttar og 9. beste totalt på Landsskyttarstemnet.

Bronse: Johanna Reksten (t.h.) vart tredje beste kvinne på landsskyttarstemnet og nestbeste ungdomsskyttar. Her saman med Linn Christine Vatland, beste kvinne og nestbest totalt, og Maren Lunsæter som fekk sølv blant kvinnene. 

Nyhende

Med ti treff, der halvparten var innertiarar, innfridde 19-åringen Johanna Reksten forventningane i finalen på bane under Landsskytterstemnet onsdag. Så god var skytinga at ho enda som nummer 9. totalt, og danka såleis ut seks av dei som skaut på Kongelaget. Men Reksten fortel ho var svært spent før finalen.

- Det var ei heilt fantastisk oppleving. Før eg fekk kome i gong var det litt skrekkblanda fryd, men det kom seg fort då eg kom meg inn på standplass og i gong med skytinga, seier ho.

Med sluttresultatet 345 forsvarte ho sin andreplass i ungdomsklassen frå den innleiande runden og fekk også bronsemedalje blant kvinnene. Dette etter omskyting om 2. plassen med Maren Lunsæter. Beste kvinne vart Linn Christine Vatland, medan årets skyttarkonge heiter Rasmus Løberg.

Reksten skal i aksjon att allereie torsdag morgon. Då er det samlagsskyting senior med Bertel Oddne Mjellem, Vegard Taklo og Roger Nesheim.

- Gav meg ein boost

Heia på veninna: Marie Alme, Nordbygda og Rand skyttarlag.  Foto: Privat

 

Lagvenninna Marie Alme tykte det var spennande å følgje Reksten frå sidelinja.

- Det var utruleg spennande å følge med på Johanna. Eg tykte ho klarte seg kjempebra både innleiande og i ungdomslaget sjølv med nokså stort press. Utruleg kjekt å sjå veninna og lagkameraten gjere det so bra! Det gjev resten av oss, iallefall meg, ein stor boost! seier Alme.

Eigen prestasjon er ho ikkje like nøgd med.

- Eg hadde mykje nervar og litt stang ut. Men utruleg kjekt å skyte i klasse 5 på LS og få oppleve kamera på veg inn -og på skytebana, seier Alme, somfekk 235 poeng og vart nummer 59 i ungdomsklassen etter den innleiande skytinga.