Etterspør status om vegtrasé

Tverrfjellet: Bilete teke frå Bøasetra mot Tonningsetra og Tverrfjellet.  Foto: Kjetil Nordaas

Nyhende

Bergsida grunneigarlag ber i brev til Stryn kommune om ei kort orientering om planane for vegsamband til Tverrfjellet. Dei syner til kommunestyret sitt vedtak i februar i år, om å greie ut framtidig vegtilkomst for Tonningsetra og Tverrfjellet.

- I samband med styremøte i Bergsida grunneigarlag komande veke (veke 32) ber vi om at vi mottek slik orientering innan onsdag 7. august. Det er fint om dette kunne omfatte planar for veg, eventuelt anna infrastruktur. Mellom anna framføring av vatn for brannsløkking som no er eit nasjonalt plankrav. Vi har forstått det slik frå artikkel i Fjordingen 28. juni at vegsamband mellom Hydla og Tverrfjellet først kan utgreiiast i ny planstrategi 2020-2014. Vi ønkjer å vite om dette er korrekt, og i så fall når og korleis innspel til planrevisjonen bør fremjast, skriv grunneigarlaget til kommunen.