Lyn- og torevêret tysdag:

Fleire ventar framleis på straumen

Lynnedslag Innvik: Eit blinkskot, bokstavleg tala. Biletet er teke frå byggjefeltet i Hildastranda.  Foto: Oskar Raftevold

Nyhende

Indre Nordfjord vart råka av til dels kraftig lyn- og tordenvêr tysdag ettermiddag/kveld. Fleire opplevde kortare straumbrot, og nokre abonnentar i Innvik og Blakset ventar framleis på at straumen skal kome tilbake.

Knut-Gunnar Ulvedal, sjef ved Stryn Energi, fortel at første straumutfallet vart registrert like før klokka 17.30, og då vart Innvik og Utvik utan straum. Seinare var straumen vekke både på Nordsida og i Oldedalen, men for sistnemnde svært kortvarig.

-Då alt var lokalisert av skadar var det sju trafoar som var sprengde og fleire som vi måtte skifte sikringar på, fortel Ulvedal.

Han rosar dei tilsette for ein framifrå jobb natta gjennom, der fem av dei sju skadde trafoane vart skifta. Dei to attverande, på Blakset og Heggdal i Innvik, håpar dei å kome i mål med i løpet av ettermiddagen onsdag.

Ulvedal har ikkje oversikt over kostnadane ved dei til dels omfattande skadane, men seier materiellet per trafostasjon truleg vil ligge på 60-70 tusen kroner. I tillegg kjem arbeidstimane og litt anna materiell.

-Så det kan fort vere snakk om 400-500 tusen, seier Ulvedal.