Kjempar om å bli beste ungdomsskyttar:

Johanna Reksten imponerte på landsskyttarstemnet

I toppen: Johanna Reksten ligg på 2. plass i ungdomsklassen i LS. Bildet vart teke under arrangementet i fjor, og i bakgrunnen ser vi pappa Leiv. Han opplevde stor suksess med å vinne klasse V55 i helga. 

Nyhende

Nordbygda og Rand-skyttaren Johanna Reksten gjorde ein svært god prestasjon på baneskytinga, klasse 5, under Landsskyttarstemnet tysdag. Med poengsummen 245 hadde ho det 27. beste resultatet av samtlege skyttarar.

Det er berre dei 15 beste som får skyte på Kongelaget, men Reksten ligg på 2. plass i ungdomsklassen og 5. plass på prinsesselaget før finaleskytinga onsdag.

Også Marie Alme frå Nordbygda og Rand skyttarlag var i aksjon på bane tysdag. Ho skaut 235 poeng.