OVER TELEFONEN:

- Livsfarlege vogntog i tunnelane

Vi har André Fredriksson på tråden, tydeleg prega av ei hending i Kjøshammartunnelen i helga.

Kjøshammartunnelen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Eg kom køyrande frå Sandane og møtte ein trailer ved inngangen til tunnelen, han køyrde sentrisk og eg fekk knust spegelen. Kva om han hadde treft meg meir? Eg hadde vore drepen, seier Fredriksson. Han viser til liknande skrekkscenarie i Lotetunnelen og meiner nokon må ta ansvar for alle vogntoga og trailerane som dagleg bryt regelverket i høve tillaten høgd på køyretøya i tunnelane.