Reagerer kraftig mot utspel frå Gloppen-ordføraren

– Forsøker omkamp om E39

I slutten av juni sendte Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad brev direkte til regionvegsjef Helge Eidsnes med krav om utviding av planprogrammet for E39 Byrkjelo-Grodås. – Gloppen spelar på to hestar og forsøker omkamp om E39, seier Sven Flo og Stig Olav Lødemel.

Omkamp: Ordførarane Sven Flo i Stryn t.v. og Stig Olav Lødemel i Hornindal er overbeviste om at Gloppen sitt utspel om utviding av planprogrammet for E39 Byrkjelo-Grodås er ein del av ein strategi for å forsøke omkamp om E39-trasé.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Kommunane Stryn, Hornindal og Gloppen har saman med Statens vegvesen arbeidd saman om planarbeidet for E39 Byrkjelo-Grodås sidan mai 2015. På veg mot det som no er sluttfasen mot godkjenning av kommunedelplan for heile strekninga, er det vurdert mange ulike alternativ.