Fire raske i fartskontrollar

Politi UP fart laser fartskontroll laserkontroll  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Stryn og Hornindal lensmannskontor skreiv ut fire forenkla førelegg i to fartskontrollar onsdag. Den første kontrollen var i 60-sona på rv 15 på Mindresunde. Her vart ein førar stoppa etter å ha køyrd i 81 km/t. Det resulterte i førelegg på 8.300 kroner og tre prikkar i førarkortet.

Deretter flytta politiet seg til fv 60 i indre Hornindal. Her vart det skrive ut tre forenkla førelegg. Høgste målte fart var 85 km/t. Også det kvalifiserte til førelegg på 8.300 kroner og tre prikkar i førarkortet.