Fannemels Argon blir meisterskapspensjonist i ein alder av 18 år:

Hoppa til bronse i siste meisterskapen

Trine-Elisabeth Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon imponerte igjen og tok bronse i sprangtevlinga under Nordisk meisterskap for fjordhest i Danmark.

Høge svev: Trine-Elisabeth Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon imponerte igjen med høge og reine svev over hindera, her under avsluttande runde i Danmark, som gjekk feilfritt.   Foto: Jimmy Leen Friis

Denne hesten er ein «once in a lifetime»-hest

Trine-Elisabeth Lillestøl Paulsen om Fannemels Argon
Nyhende

«Fannemel» og «hopp» er ord som kling godt i lag, også når det gjeld hest. Under Nordisk meisterskap for fjordhest sist veke stadfesta Fannemels Argon igjen at han er ein av dei aller beste på sprangbana.