Blaksettunnelen:

Startskotet har gått

Tysdag kveld gjekk startskotet for Blaksettunnelen og der blir det arbeid døgnet rundt fram til gjennomslag.

Her blir opninga til den nye tunnelen til Blakset, seier byggeleiar Matias Sundal.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Vi reknar med gjennomslag i Blaksettunnelen i februar 2020. På Flo blir det gjennomslag i januar 2021 om alt går etter planane, seier anleggsleiaren for tunnelen til Blakset, Matias Gjøstein Sundal.