Dronar kan bli løysinga når mobilnettet bryt saman

Delar av Jølster var utan mobildekning i to døgn då kommunen vart ramma av jordras. Dronar kan i framtida vere løysinga når nettet bryt saman.

Når mobilnettet er nede: Dronar kan bli ei løysing i framtida. Her frå Jølster etter rasa nyleg  Foto: Marit Hommedal

Nyhende

– Vi har ganske god beredskap i Norge for å halde naudtrafikk i gang, men når livsnerven til nettet blir rive over som i Jølster, då hjelper det ikkje med ekstra batterikapasitet. Då må vi sjå om annan teknologi raskt kan komme på plass, seier avdelingsdirektør Elise Lindeberg i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) til VG.

Varaordførar Jakob Andre Sandal (SV) i Jølster kommune, uttalte til NTB etter rasa at mobilnettet er for sårbart og at batteria på basestasjonane har for dårleg kapasitet.

Telenor sine fem basestasjonar i området var nede grunna ein fiberkabel som gjekk inn til stasjonane, vart øydelagt i rasa.

Lindeberg seier dei no vil greie ut om til dømes umanna dronar kan fungere som flygande basestasjonar i ei krise.

– Vi skal sikre kommunikasjon slik at liv og helse kan takast vare på. Då kan det blir aktuelt å skru til ytterlegare på krava til sikkerheit, og vi må sjå kva slags teknologi som er tilgjengeleg, seier ho.