Rekordtidleg sauesanking

Nokre sauebønder har allereie starta sanking av sau på sommarbeite for å hindre tap av dyr.

illustrasjonsfoto:  Foto: bengt flaten

Nyhende

Den rekordtidlege sankinga skal hindra tap av dyr, skriv NRK.

Ein sauebonde i Møre og Romsdal som kanalen har snakka med har tidlegare mista om lag 30 prosent av dei 500 sauene han sende på beite. No har han starta sankinga for at jerven ikkje skal ta sauene.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal opplyser at dei ikkje kjenner til at det har blitt sanka sau så tidleg som 6. august før.

Fylkesmannen set av 700.000 kroner kvart år til frivillig tidlegsanking, som eit verkemiddel for å hindra tap av lam og for å hindra liding.