Stal sete med styremekanisme frå gravemaskin

Tormod Hvattum lensmann i Nordfjord. Politi   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Tjuvane visste kva dei var ute etter, då dei braut seg inn i ei gravemaskin på Utvikfjellet natt til torsdag.

- Dei har skrudd ut og teke vekk heile førarsetet med styremekanisme, fortel politibetjent Jan Tore Sunde.

Maksina stod parkert på utvidinga ved den skarpe svingen rett nedanfor Karistova.

- Dei som jobbar på staden gav seg onsdag kveld kl 20.00. Innbrotet og tjuveriet har dermed skjedd mellom kl 20 og torsdag morgon. Politiet vil svært gjerne ha tips dersom nokon har sett aktivitet på staden i dette tidsrommet, seier Sunde.