Kinareise for leirskule

Denne veka kan ein verkeleg seie at by møtte land, då kring 30 unge og vaksne hadde teke turen frå gigantbyen Beijing til leirskule på vesle Fjelli.

Begeistra: Denne gruppa av vaksne og born frå Kina hadde eit tre dagar langt opphald ved leirskulen på Fjelli og Ulvedal. Her er dei samla ved Sagedammen for å bake pizza i steinovnen og lære kinning og smiing. – Dei let seg lett begeistre, seier Øystein Hesjedal (lengst til høgre). Ved sidan av han står reiseleiar Ying Hu og formidlar beskjedar vidare på kinesisk. Etter opphaldet ved leirskulen gjekk turen til blant anna Balestrand for topptur til fjellet Keipen (1.417 m.o.h.). 

Nyhende

Tysdag var dei samla ved Sagedammen på Ulvedal for å prøve ut gamle mat- og handverkstradisjonar. Øystein Hesjedal og Einar Dons Brath ved Stryn leirskule hadde med seg lokale krefter i Matias Sølvberg og Maria Roset Sølvberg, og dei gav dei lærevillige kinesarane ei innføring i bakst, kinning av smør og smiing. Tidlegare hadde dei vore på Sølvbergsstøylen, testa bogeskyting og aka i plastbakken ved Nordfjord fritidssenter. Vidare venta kanopadling, fjellklatring og fottur.