Fjelljom-spelemann til topps under Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Åsmund Farstad vann juniorklassen

Til topps: Åsmund Farstad vann juniorklassen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk.  Foto: Thomas Westling

Nyhende

Åsmund Farstad, som spelar for Spelemannslaget Fjelljom, vann juniorklassen i fele og hardingfele under Landsfestivalen i gammaldansmusikk som vart arrangert i Kinsarvik i helga.

Farstad fekk både første- og andreplass, føre Ragnhild Grøna i Lom spel- og dansarlag. Best poengsum fekk han med vanleg fele, 72 poeng, medan han nådde poengsummen 70 med hardingfela. Grøna fekk 66 poeng.