Frådømt førarkortet for alltid:

Køyrde frå Nordfjord til Sunnmøre med 1,7 i promille

Ein mann i 40-åra er dømd til fengselsstraff og frådømt retten til førarkort for alltid etter ein køyretur frå Nordfjord til Sunnmøre i sommar.

Sunnmøre tingrett. Illustrasjonsfoto. FOTO: STIG VÅGNES 

Nyhende

Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett oppheldt mannen seg i Nordfjord då han avgjorde å ordne opp i ei privat sak i Ålesundsområdet.

Sjølv om han hadde drukke nokon øl, sette han seg i bilen og køyrde nordover. Under køyreturen drakk han ytterlegare fem-seks øl før han vart stoppa av politiet ved ferjekaia på Festøy.

Promilleprøva til politiet viste at han hadde ein promille på 1,7 ein time etter køyreturen.

Sidan mannen er dømd for promillekøyring ein gong tidlegare vart han frådømd retten til å køyre bil for alltid.

I tillegg må han sone 36 dagar i fengsel og betale 77.000 kroner i bot.

Saka var først publisert i Sunnmørsposten.