Volda kommune bryt lova kvar dag:

Kloakken ureinsa rett i fjorden

– Ja, all kloakk frå Volda sentrum går i dag rett ut i Voldsfjorden, fortel ingeniør for vatn og avløp i Volda kommune, Lars Fjærvold.

Kloakk: På nedste Rotset i Volda går kloakken frå ei rekkje husstandar rett i sjøen, m.a. frå dette røret. FOTO: SVEIN NORDAL  Foto: Svein Nordal

Nyhende

Bakgrunnen er at hovudreinseanlegget for kloakk på Vikeneset er øydelagt. Dermed renn resultata frå dei mange toalettbesøka i Volda sentrumsområde ureinsa ut i sjøen.