Volda blir større enn Ørsta

Grensa: Biletet er tatt frå Sandegga, på grensa mellom Ørsta og Volda i mai. Fjellområdet mot aust hamnar i Volda om grensejusteringa for Bjørke og Viddal vert vedtatt.   Foto: SVEIN AAM

Nyhende

Møre Nytt: Frå årsskiftet får Volda kommune eit areal som er 61 prosent større enn i dag. Årsaka er samanslåinga med Hornindal og grensejusteringa, der Bjørke og Viddal går inn i nye Volda.

Volda går frå å vere veslebror i skuggen av Ørsta, til å bli storebror på Søre Sunnmøre, skriv Møre.

Nye Volda vert 881 kvadratkilometer, marginalt større enn det Ørsta er i dag. Etter grensejusteringa får Ørsta eit areal på 661 kvadratkilometer, i følge Møre.

Men Ørsta mister berre i overkant av 100 innbyggjarar, og er framleis større i folketal.