Har flytta breføringa frå Oldedalen til Tystigen

– Fullt på høgde med Briksdalen

Briksdalen Adventure tilbyr framleis brevandring, men no må dei eit stykke unna «heimebana» før dei kan ta fram stegjerna.

Flott dag på breen: Fredag var ein flott dag for vandring på Tystigbreen. Her leier guide Benjamin Langebeck an i eitt av dei fire taulaga. Totalt var det 28 deltakarar med på vandring. 

Nyhende

For ikkje veldig mange år sidan var det stor aktivitet med breføring i Briksdalen og på nærliggjande brearmar. På gode dagar kunne ein telje 150 personar på blåisen. Men med stadig minkande brear forsvann tilbodet for seks-sju år sidan. Eller det vil seie, forsvunne har det ikkje, men det har flytta seg til 1.500 meters høgde, og til ein heilt annan bre.