Ingrid og Gamlebanken vann på Landsfestivalen

Gamlebanken spelemannslag gjekk heilt til topps i lagspel fele/hardingfele under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Kinsarvik. I gruppa spelar Ingrid Andersen Heieren (midten, kulturarbeidar i Stryn kommune og busett på Fjelli.   Foto: Thor Hauknes

Nyhende

Gamlebanken Spelemannslag, med Ingrid Andersen Heieren som ein av aktørane, slo til med førsteplass i klassen for Lagspel fele/hardingefele då Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart avvikla i Kinsarvik denne helga.

- Dette er stor stas, ja! Det var sterke konkurrentar, så sjølv om vi var godt nøgde med oss sjølve etter finalen, var vi veldig spente på resultatet. Vi hadde plateslepp på fredagen, og etter ein vår med mykje speling er det ekstra stor stas å kome heilt til topps. Dette set vi svært høgt, seier ho.

- Spelar dei tøffaste og vansklegaste slåttane

Spelemannslaget har sitt utspring i kulturskulen i Førde.

- Vi byrja som eit juniorspelemannslag i Førde kulturskule. Vi stilte på kappleikar og fann etterkvart ut at vi ønskte å halde fram å spele ilag. I starten var motivasjonen for øvingane å stille på kappleik. Seinare vart målet å spele dei tøffaste, vanskelegaste slåttane; dei som sjeldan vart brukt i samspel, fortel Heieren.

God innsats av Fjelljom

Vi nemner også at Spelemannslaget Fjelljom gjorde ein flott innsats i denne klassen. Dei var siste laget som ikkje fekk finalespel, og vart såleis nummer sju i den tøffe konkurransen der 21 grupper deltok.

Fjelljom deltok også i klassen Lagdans senior. Der vart det 11. plass med reinlender. Annlaug Valaker og Arve Støyva, samt Åsa og Bjarne Svarstad, var elles deltakarar i pardanstevlinga for senior.