Felleserklæring for ei meir miljøvenleg cruisenæring:

Tilrår å stille seg bak miljøkrav -men med visse endringar

Stryn kommune vil gi næringa meir tid til omstilling.

Meir tid: Stryn kommune stiller seg bak miljøkrava som skal gjelde for cruisenæringa, men ønskjer å gi næringa meir tid til omstilling. 

Nyhende

Det vart i februar i år teke initiativ av dei største cruisedestinasjonane til ei felleserklæring for ei meir miljøvenleg cruisenæring. Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune er mellom dei som er oppfordra til å stille seg bak denne felleserklæringa. Frå før har Eid kommune gjort vedtak om dette, og samstundes oppfordra Nordfjord Havn til å gjere det same.