Vogntoget frå Stryn som forsvann i Vågåvatnet

Laurdag var det 50 år sidan ei ulukke som opptok heile landet: Vogntoget frå Stryn som forsvann i Vågåvatnet. Føraren vart aldri funnen, og før bilen var komen på land igjen skulle det gå endå eit menneskeliv tapt.

Mykje folk: Ulukka hadde oppteke folk over heile landet, og då bilen endeleg vart teken opp frå vatnet i 1970 var det ei stor folkemengde som følgde prosessen.  

Nyhende

Det var Kjell Bolstad frå Hjelledalen som sat bak rattet. Om kvelden søndag 10. august 1969 køyrde han den blå Magirus-bilen til Tenden, 1968-modell og ei nyvinning på bilfronten, austover. Eit nytt og moderne vogntog, opprinneleg påbygd for køyring av dører og vindauge frå Moelven.