Mona-Jill Band med festivalsuksess:

– Ellevill respons

Mona-Jill Band med base i Oldedalen har hatt ein strålande festivalsommar.

Suksess i Sverige: Mona-Jill Band med Mona-Jill Knapp Forssèn Haugen og Guro Håvik i front har hatt ein hektisk festivalsommar og fekk stor merksemd etter Dansbandsveckan i Malung, og ein video av bandet si speling på festivalen fekk 115.000 visningar på berre ei veke.   Foto: Mathias Boe

Nyhende

– Det har vore fantastisk respons på sosiale media etter sommarens festivalspelingar. Det heile toppa seg med eit video-innlegg frå Skandinavias største dansebandfestival, Dansbandsveckan i Malung i Sverige. Denne videoen frå Mona-Jill Band sin opptreden 20. juli, hadde over 115.000 visningar på Facebook på ei veke, noko som må seiast å vere svært god respons, seier ein svært nøgd manager, Rogeir Haugen, som m.a. også er låtskrivar for bandet.