Denne fylkesvegen får nytt nummer

I løpet av hausten får om lag 3500 fylkes- og riksvegar i Norge nye nummer.

Fylkesveg 723 Lodalen Denne vegen blir omdøypt til fv 5723  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Verken RV 15 eller Fv 60 får nummerendring, men over 900 vegar gjennom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane får nytt nummer.

Ifølge ei pressemelding frå Statens vegvesen er endringane eit resultat av regionreforma.

– Endringane skal sikre at alle vegar framleis kan identifiserast når fylkesgrensene blir flytta frå nyttår. Oppdateringa av offentlege system var i all hovudsak ferdig 1. august, og dei nye nummera vert no tekne i bruk fortløpande.

Ingen endring: Ingen endringar for riksveg 15 eller fylkesveg 60, men til dømes fylkesvegen til Flo, 722, blir endra til 5722. Vegen til Tistam 725 blir endra til 5725.  Foto: Roger Oldeide

1–999 gjeld riksvegar

Torgeir Bøyum ved regionvegskontoret på Leikanger, har ansvar for det digitale vegnettet i Nasjonal VegDataBank (NVDB) i Sogn og Fjordane.

– Alle punkt på det offentlege vegnettet i Norge skal identifiserast ved hjelp av ein vegreferanse, forklarar han.

Systemet er basert på at vegar har ein kategori (Europaveg, fylkesveg, osb.) og eit nummer. Deretter kan dei delast opp ved hjelp av parsellar og metreringsnummer.

«Panoramavegen» Fylkesveg 698 til Hennebygda og Lote blir endra til 5742.  Foto: Roger Oldeide

– Slik systemet fungerer i dag, må ein i tillegg vite kva fylke ein fylkesveg ligg i for å identifisere vegen. Fylkesnummeret er ein del av vegreferansen, difor kan same vegnummer finnast i fleire fylke, og vegen kan skifte nummer når han kryssar fylkesgrensa. Med dei nye fylkesgrensene kunne ein difor fått to vegar med same nummer i same fylke, forklarar han.

Får unike vegnummer

Det nye systemet er uavhengig av fylkesgrense og vegtype. Alle Europa-, riks og fylkesvegar får no unike nummer. Vegnummer 1–999 gjeld for riksveg og dei viktigaste fylkesvegane. Resten av fylkesvegane får firesifra nummer som blir tekne i bruk fortløpande.

Oldedalen Fylkesveg 724 gjennom Oldedalen blir endra til 5724   Foto: Harald Vartdal

Dei fleste riksvegane får behalda nummera sine; det gjeld også for ein del av dei viktigaste fylkesvegane. I nokre tilfelle er det gjort endringar i kva parsellar som høyrer til same vegnummer: dvs. at eit vegnummer kan gjelde for ei lenger strekning enn før, eller ei strekning som hadde eitt nummer kan no vera delt i fleire.

Naudetatane tek imot oppdateringar frå Vegvesenet etter kvart, og tilpassar sine kart.

I pressemeldinga presiserast det at vegvesenet ikkje har kontroll på når ulike kommersielle kartløysingar blir oppdaterte.

– Endringane av vegnummer kan føre til at slike kart ikkje syner rett nummer på vegane i ei tid framover, seier Bøyum.

Oversikt over alle vegar i Sogn og Fjordane som får nummerendring: pdf frå Statens vegvesen