Etterlyser kandidatar til skulepris

Oppmoding: Skulane, også dei vidaregåande, blir oppmoda om å nominere seg til Dronning Sonja sin skulepris.  Foto: Stryn vgs

Nyhende

Fylkesmannen i Vestland etterlyser kandidatar frå Sogn og Fjordane og Hordaland til Dronning Sonja sin skulepris.

I brev til skulesjefane vert det vist til skriv frå april der skuleeigarane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart oppmoda om å gjere sine skular kjent med kriteria for Dronning Sonjas skulepris og vidare om å lansere seg som kandidatar til prisen.

- Fylkesmannen har så langt ikkje fått inn forslag til skular i Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylkesmannen ber difor igjen skuleleiinga i kommunane om å fremje aktuelle kandidatar blant sine grunnskular og fylkeskommunane om å fremje aktuelle vidaregåande skular, som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering, skriv fylkesmannen.

Dronning Sonjas skulepris er ein prestisjefull pris som delast ut av Hennar Majestet Dronning Sonja på vinnarskulen 2. desember 2019. Vinnarskulen får eit diplom, kr. 250 000,- og eit kunstverk utforma av Hennar Majestet Dronning Sonja. Alle nominerte skular vil få eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar frå fylka.

Kriteria for Dronning Sonjas skulepris:

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø som er prega av medverknad, tryggheit og fellesskap
  • Skulen er kjenneteikna ved positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom, og ved eit godt samarbeid mellom skule og heim.