Samuline Seljeset ny sjef på Coop i Hornindal:

Gjer butikken om til Prix

Coop endrar konsept frå Marked til Prix i Hornindal, og opnar dørene til ny butikk 31. oktober. Samuline Seljeset har allereie teke over som ny butikksjef.

Frå marked til Prix: – 31. oktober opnar Coop som prix i Hornindal, blant anna med utvida faghandel, fortel butikksjef Samuline Seljeset og viseadministrerande direktør i Coop Nordvest Geir Espe.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi har gjort vurderingar rundt konseptet for Coop-butikken i Hornindal lenge, seier Geir Espe, viseadministrerande direktør i Coop Nordvest. I desse vurderingane er det og gjort reknestykke og vurderingar om å endre til Extra.