Toppoppgjer mellom Hornindal og Oppstryn

Vårkampen: I vår vann Hornindal 1-0 på Lund stadion, trass hardt press og fleire store sjansar til Tarald Harstad og heimelaget.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Tysdag kveld er det duka for eit realt lokaloppgjer i 6. divisjon fotball avdeling 3 når Hornindal tek imot Oppstryn. Lokaloppgjeret er også toppkamp i avdelinga.

Hornindal har gjort det skarpt så langt i sesongen og toppar tabellen med 18 poeng, medan Oppstryn ligg på tredjeplass med 16 poeng. Hos Oppstryn har også Lars Guddal scora fleire mål i vårsesongen og blir ein spelar som honndølene må vere obs på.

I våroppgjeret mellom laga på Lund stadion vann honndølene 1–0 etter scoring av Fredrik Nesje Lindvik.