Trafikkulukke ved Grasdalstunnelen

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Politiet melder på Twitter at ein bil med åtte personar har køyrt utfor vegen og velta ved Grasdalstunnelen på rv 15 Strynefjellet.

Naudetatar er på veg til staden.

Alle passasjerane skal vere ute av bilen.

- Ein person skal ha klaga over smerter i nakken, medan ein annan har smerter i ein fot, skriv NRK.