Dagens leiarartikkel

Valkampen er i gang

  Foto: Harald Vartdal

Bli med og hjelp veljaren til å finne det partiet som passar ho eller han best

Nyhende

9. september skal du og eg vere med og avgjere kven som skal styre kommunane våre dei neste fire år. Lokalpolitikarar med ønske om å kome inn i kommunestyre og fylkesting neste periode, er i gang med valkampen. Fjordingen har allereie presentert nokre valkampopningar og ønskjer å gje spalteplass til andre lokalparti som markerer seg.