I steinalderen jakta oppstryningane reinsdyr med pil og boge:

Historisk funn av fangstanlegg i Oppstryn

For tusen år sidan, kanskje tidlegare, jakta oppstryningane rein med pil og boge under Tafsehyrna i Fosdalen. Det viser eit historisk funn av eit jakt- og fangstanlegg i området.
Nyhende

– Det er vanskeleg å tidfeste. Det kan vere vikingtid. Kanskje steinalder. Det som er sikkert er at vi har funne eit spennande jakt- og fangstanlegg. Det er eit prov på at Jostedalsbreen ikkje stogga reinen si vandring mot vest, seier Runar Hole, arkeologen som kan titulere seg som fangstminne-ekspert.