Inviterer til møte om tiltak i Geilevegen

Geilevegen i Stryn.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn kommune ved plankonsulent har siste månadane jobba med vurderingar og illustrasjonar for korleis ein kan utvide og oppgradere delar av Geilevegen. Dei ønskjer no å presentere dette for grunneigarane innanfor planområdet og Stryn kommunestyre sine faste medlemmar.

Møtet vil finne stad i kultursalen i Stryn kulturhus, måndag kveld 19. august.