Kommunen kommenterer saka om Eldrun Drageset:

Kommunen kan berre tilby vikarjobbing for dei over 67 år

Personalsjef i Stryn kommune, Torfinn Moen, er klar på at dei held seg til gjeldande tariffavtale.

Viser til tariffavtalen: Personalsjef i Stryn kommune Torfinn Moen.  Foto: Hans I. Koss Kolseth

Nyhende

– Vi handsama saka i eit par omgangar der Drageset fekk avslag om å halde fram ut frå gjeldande tariffavtale. Det vart bede om møte for ekstra vurdering. Rådmannen konkluderte då med at avslaget stod ved lag men at vi kunne bidra til ekstraarbeid på pensjonistløn, då som vikar, seier Moen. Han meiner dette er ei linje som også samsvarar med Fagforbundet si haldning.