Over 800 påmelde til Skåla Opp i Loen

Topp tre: Stian Øvergaard Aarvik lengst til høgre (224) vann løpet føre Håkon Skarsholt (374) og på tredjeplass kom Johann Baujard frå Frankrike (226). Skåla Opp 2018.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Alt er i rute, det mest spennande no er vêret, seier Erik Brendefur.

I fjor måtte målgang flyttast til Skålavatnet grunna verforholda. Meldingane til laurdag er ikkje dei aller beste, men arrangøren håpar på å gjennomføre med målgang på Skåla, 1.848 moh., som normalt denne gong. Då Fjordingen snakka med Brendefur onsdag var arrangøren i full gang med dei siste førebuingane til La Sportiva Skåla Opp.

– Vi får berre følgje med når det gjeld vêret. Vi må ta det som det kjem, seier Brendefur, som kunne melde om fleiresterke namn på startstreken:

– Den siste storløparen som er påmeld er Bhim Gurung frå Nepal. I tillegg stiller mellom anna Ahmet Arslan (Tyrkia), Kristen Skjeldal, Jens Arne Svartedal, Stian Øvergaard Aarvik (vinnar i fjor), Stian Angermund-Vik (vinnar 2016 og 2017), Annie Bersagel (USA) Eli Anne Dvergsdal, Karoline Holsen Kyte og Live Sollid.

Onsdag var godt 800 påmelde til motbakkefesten i Loen, og fleire vil nok melde seg på i dagane før løpet.

– Som vanleg blir det kick off fredag der vi snakkar med nokre av løparane. Laurdag blir det streaming og kommentering av løpet, seier Brendefur.