Startar busstilbod frå Grodås til Ørsta/ Volda

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

I høve skulestart måndag er ny bussrute tur/retur etablert mellom Grodås sentrum til Volda vgs og Ørsta vgs.

– Det arbeidast og med tilbringar-teneste til Hellesylt og omland, seier fagansvarleg ved Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune, Svein Ivar Aarskog.

Han legg til at busstilbodet sjølvsagt er ope for alle.