Kulturskulen i Hornindal

Tek pause i haust

Kultur på vent Kulturskuletilbodeti Hornindal vil opne opp i nye lokale frå nyttår. I haust blir det pause   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Av ulike grunnar har vi bestemt oss for å ta ei kulturskulepause i haust, med unnateke treskjering. Det melder Hornindal kommune på sine nettsider.

Saman med kulturskulen i Volda skal hausten gå med til planlegging av eit godt og spanande kuturskuletilbod frå nyttår.

- Då tek vi også sikte på å kunne tilby undervisning i nye og fine lokalitetar ved Hornindal skule. I løpet av hausten vil det kome meir informasjon om dei ulike tilboda vi ynskjer å tilby frå nyttår, skriv kommunen.