- Tidenes Elvis-festival

Med to fullsette kyrkjekonsertar, mykje folk i gatene og gode tilbakemeldingar kan arrangørane notere seg for tidenes Elvis-festival.
Nyhende

Elvis-festivalen i Måløy trekkjer folk frå heile distriktet, også mange frå indre Nordfjord. Det vert rapportert om ny besøksrekord, hotella i Måløy og til og med Fjordly lenger inne i fjorden var fullbooka, 50 bubilar fekk plass på bubilcamp midt i sentrum og nær 100 artistar leverte Elvis-stoff gjennom tre dagar sist helg. No gler arrangørane seg alt til neste års festival, og allereie no byrjar overnattingssstadane å bli fullbooka for Elivs-festivalen 2020, fortel pressesansvarleg Geir Andreas Tharaldsen til Fjordingen.