Volda Senterparti:

– Vi må ha levande grender

– Heile den nye kommunen må takast i bruk, då er det avgjerande med god infrastruktur, seier Volda Sp.

Klare for val: – Landbruk blir ei endå større og viktigare næring i den nye kommunen, seier Eldar Engelund, Sølvi Dimmen og Pål Ruben Tomasgard i Volda Senterparti som er klare for valkamp i den nye kommunen. Partiet si valliste er representert av ni honndøler.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Fjordingen møter tre av Volda Senterparti sine representantar på Grodås. Dei er nøgd med partiet sin representasjon og samansetning i nye Volda.