Olden kan bli Årets hamn

MSC Meraviglia besøkte Olden for første gong tysdag 16. juli. 16. juli var ein stor cruisedag i Olden med nytt besøksrekord i Oldebukta. På dei to skipa Azura og MSC Meraviglia var det til saman 11.400 personar, ca 9000 passasjerar og 2500 mannskapsfolk. MSC Meraviglia er det sjette største cruiseskipet i verda og vitja Olden for første gong. Over 5000 var ombord i det maltesisk-registrerte skipet som har ein maksimal kapasitet på 5700.  Foto: Roy Aron Myklebust Roy Aron Myklebust

Ordførar i Stryn Sven Flo, driftsleiar i Nordfjord Havn Sølve Oldeide og Rasmus Endre Bø ved Hydlaparken. Olden er nok ein gong nominert til å bli Årets hamn i verda. Aktivitetar i kommunen, som klatreparken i Hydla, blir trekt fram som viktige for nominasjonen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

For andre gong på kort tid er Olden nominert til å bli Årets hamn (Port of the year) i verda. Også i 2017 var Olden i finalen.

I år utgjer Olden finaleheatet saman med Yokohama (Japan) og Zadar (Kroatia). Kven som kan smykke seg med tittelen Årets hamn blir avgjort i Hamburg i september.

- Vi har i mange år jobba for at Olden og Loen skal bli ein meir attraktiv cruisedestinasjon, slik at turistane kan få ei positiv reiseoppleving med alle tilboda som finst i vårt område. Mellom anna har etableringa av cruiseparken i Olden vore viktig, seier ordførar Sven Flo. Han seier også at den nye Hydlaparken allereie har etablert seg som ein attraksjon:

- Eit fantastisk tiltak, seier Flo.

- Det har blitt gjort ein god jobb i Stryn når det kjem til ulike aktivitetar, og frå neste år vil også den nye klatreparken i Hydla få gjester frå rederia, seier driftsleiar i Nordfjord Havn, Sølve Oldeide. Han legg ikkje skjul på at berre det å bli nominert er av stor verdi for cruisedestinasjonen inst i Nordfjorden.

- Eg er stolt av nominasjonen, det er ei skikkeleg fjør i hatten, seier Oldeide.

Du kan lese meir om nominasjonen i neste avis.